|
|
I dag såg eg
tvo månar,
ein ny
og ein gamal.
Eg har stor tru på nymånen.
Men det er vel den gamle.
Olav H. Hauge, Dropar i austavind (1966)
|
|
To tekstar den gamle, trauste, festa trygt og sikkert på papiret, i boka og avisa, og så den nye, flimrande over skjermar og gjennom hastige, uutgrundelege nettverkssamband. Den såkalla hyperteksten; teksten løfta opp på eit høgare eksistensplan. I dag har me stor tru på hyperteksten.
Omgrepet hypertekst blei lansert av Theodor Holm Nelson i 1965, som “en samling av skrevet eller billedlig materiale bundet sammen på en kompleks måte slik at det ikke uten vanskeligheter lar seg presentere eller representere på papir.” (Liestøl/Rasmussen 2003, s. 48). Tekstforma er sidan blitt uløyseleg knytt til utviklinga av verdsveven world wide web og har som denne, fått eit nærast mytisk skjer over seg. Verdsveven er ein stad der “alle” kan møtast, der “alt” kan finnast, ein stad for det uavgrensa og uutgrundelege. Om lag slik metafysikken svever over det fysiske universet, svever hypterteksten over den ordinære, “gammaldagse” teksten. I ei tid av heimløyse, gir heimesida oss ein virtuell heim, mens kvart søkjeord ber i seg håp om openberring av det nye Jerusalem. Nettstaden blir utopi staden som ikkje finst.
Kva så med den gamle teksten? den som opp gjennom tusenåra har vore festa til stein, tre, papyrus, pergament, papir, doveggar og betongveggar, men som heile tida har hatt skriftfesting som kjenneteikn. Ein skal merka seg at narratologen Gérard Genette, lenge før internettet såg dagens lys, nytta seg av hypertekstomgrepet i forklaringa si av teksten sin verkemåte. Med nemninga hypertekst peiker han på ei av mange former for såkalla transtekstuelle relasjoner; at teksten har ein nær relasjon til ein føregåande tekst (Genette 1997, s. 5). Hyperteksten har i seg ein hypotekst, ein delvis utviska tekst, som i ein palimpsest. Denne bruken av hypertekstomgrepet peiker mot noko som ofte blir oversett i framstillingar av (den digitale) hyperteksten, nemleg visse likskapar mellom verdsveven og den vanlege teksten sin verkemåte.
Allereie papirteksten er del av ein i prinsippet altomfamnande tekstvev. Nemninga intertekst blir ofte nytta om dette fenomenet, t.d. slik det blir forstått av Julia Kristeva, som transposisjon av eitt eller mange teiknsystem over i eit anna (Kristeva 1987). Roland Barthes peiker på det same når han skriv om “umuligheten av å leve utenfor den uendelige teksten enten denne teksten nå er Proust eller dagsavisen eller fjernsynsskjermen.” (Barthes 1990, s. 37) Det er grunnlag for å seia at den “klassiske” teksten i stor grad allereie er ei form for hypertekst, eller sagt på ein annan måte; den digitale hyperteksten fører vidare og synleggjer sentrale aspekt ved den prenta teksten.
Det er ikkje tilfeldig at hypertekst-entusiastane har søkt støtte innanfor såkalla poststrukturalistisk eller postmoderne litteraturteori. I boka tekst.no (2001) blir dette nemnt. Ein peiker på inspirasjon frå tenkjarar som Bakhtin, Barthes, Foucault og Derrida. Med slik teoretisk ballast, legg entusiastane vekt på overføring av makt frå forfattaren til lesaren, på verkeleggjering av eit dialogisk prinsipp, med (val)fridom, aktiv medskaping og demokrati som honnørord. Forfattarane av tekst.no kjem likevel med motførestellingar: “Blant annet har man innvendt at det intertekstuelle ved tekster [...] inneberer langt mer subtile og implisitte tekstrelasjoner enn sammenlinkede noder. Sammenfallet mellom hypertekst og poststrukturalistisk tekstsyn er overflatisk, parallellen er bare tilsynelatende.” (Schwebs/Otnes 2001, s. 95-96)
Rettare vil det likevel vera å seia at her er ein samanheng, men at den digitale hypertekten tvert imot det hyper-entusiastane hevdar er prega av ein langt sterkare lesarstyring enn den ordinære teksten. Det er rett nok at nettsurfaren kan velja ulike vegar frå tekst til tekst, men hyperteksten sitt fridomsevangelium er likevel basert på forteikning av den vanlege teksten sin verkemåte. Papirteksten sin meiningsproduksjon skjer nemleg ikkje “lineært”, slik det ofte blir hevda, men tvert om gjennom etablering av nettverk som stadig peiker både framover og bakover i teksten, i tillegg til å peika mot andre tekstar. Romanen sitt hermeneutiske system viser samtidig til heile teksten, slik at meining blir aktivert (av lesaren) på tvers av forteljingas temporalitet.
Både slektskap og ulikskap mellom hypertekst og papirtekst, kan illustrerast med Michael Riffateres forståing av intertekst. I motsetnad til poststrukturalismens vanlege understreking av den uendelege (kon)teksten, rettar Riffaterre merksemd mot at teksten sjølv gjennom repetisjon av detaljar og fragment etablerer hermeneutiske nøklar som (meir eller mindre realiserte av lesaren) peiker ut tekstens eigen kontekst, tekstens eigne intertekstar. Desse fragmenta, som Riffaterre kallar konnektiv (Riffaterre 1990), fungerer som ikkje-markerte lenkjer. Desse lenkjene styrer lesaren, men i langt mindre grad enn hypertekstlenkjene.
La oss sjå føre oss ein lesar, t.d. den lærde Montaigne. Han sit einsam i tårnbiblioteket sitt utanfor Bordeaux og les som vanleg sine kjære antikke forfattarar. Frå tid til annan ser han grundande opp. Han er blitt merksam på ei lenkje i teksten, eit fragment som får han til å retta merksemd mot eit “anker” ein annan stad i same tekst, eller i andre tekstar i andre antikke eller samtidige “nodar”. Kanskje vil han reisa seg og vandra tankefull rundt bordet mens han reflekterer over det sambandet som boka har retta merksemd mot. Kanskje vil han stoppa opp, leita seg nedover i stablane av støvete bøker, og til slutt trekkja fram ei bok som han har lese for svært mange år sidan. Nå har boka med eitt fått ny meining av det han nettopp las, og også dette får noka av meininga si gjennom denne boka. Slik er det også for andre tekstar. Ein kan bli merksam på lenkjene eller ein kan oversjå dei. Om ein har eit godt bibliotek, kan ein følgja lenkjene ved å leita i bokhyllene etter aktuelle (inter)tekstar, men ein kan også la det vera.
Slik fungerer også nett-teksten, men denne skil seg ut ved at lenkjene er gjort eksplisitte. I tillegg er konteksten gjort direkte tilgjengeleg gjennom verdsveven. Meir enn å gi lesaren fridom, inneber dette ei sterk styring, og innsnevring av lesaren sin kontekstuelle horisont. Hyperteksten peiker ut både kontekst og kotekst gjennom eksterne og interne lenkjer, men kan bare gjera dette så lenge konteksten finst innanfor verdsveven sitt eige nett. Ein illusjon blir skapt om at www utgjer den einaste relevante konteksten. Resultatet ser ein hos skulebarn og journalistar som i fasen for leiting og innsamling av informasjon (inventio), er ute av stand til å føreta seg anna enn å skriva søkjeord i “Kvasir” med “kvasi” som resultat.
I forhold til lesaren av hyperteksten, vil lesaren av den gamle teksten med større grad av fridom kunna realisera sin eigen, unike del av ein verkeleg uavgrensa vev. Når ein likevel, som vevaren Olav H. Hauge, kan ha stor tru på nymånen, er det fordi den nye “er vel den gamle”.
|
|
Litteratur:
Barthes, Roland. 1990. Lysten ved teksten. Frå Le Plaisir du Texte (1973). Oslo: Solum Forlag.
Genette, Gérard. 1997. Palimpsests; Literature in the second degree. Frå Palimpsestes, littérature au second degré (1982). Lincoln og London: University of Nebraska Press.
Kristeva, Julia. 1987. Revolution in Poetic Language. Frå: La révolution de langage poéticue (1974). New York: Columbia University Press.
Liestøl, Gunnar, og Terje Rasmussen. 2003. Digitale medier: En innføring. Oslo: Universitetsforlaget.
Riffaterre, Michael. 1990. Fictional Truth. Baltimore og London: The Johns Hopkins University Press.
Schwebs, Ture, og Hildegunn Otnes. 2001. tekst.no: Strukturer og sjangrer i digitale medier. Oslo: LNU og J.W. Cappelens forlag.
|