MUTTEREN
av Torfinn Nag


Ein dag våkna eg opp om morningen. Så låg eg i sengå et par timar og plukte navlelo. Det e liksom någe eg har fått for meg, plukka navlelo og legga det i nattbordskuffå. An e snart fodle. Leste om ein så hadde det på same måden, han samla det og i nattbordskuffå. Så blei nattbordskoffå fodle. Og han begynte å samla navleloet i ein svarte søppelsekk. Itte kvert blei den og fodle. Tenk dokker; ein heile søppelsekk med navlelo. Tretten kilo. Begynte å gå med skjorter så loa ekstra møje. Spiste mer feide mad for å legga på seg og få dybare navle. Plass te merr navlelo. Det e merkeligt; uansett ka farge du har på skjortå, så e og blir navleloet blått. Akkurat så oppkast; uansett ka du har spist så e der alltid gulerydder i spyet.

Men mens eg ligge der og plokke navlelo så oppdage eg plutsligt ein mutter i navlen. Eg står opp, skrur ud mutteren, - så dette rauå av.

MUSIKALSK MARKERING TROMPET OG TUBA

Ka gjørr eg nå?

Eg tenke fordelar og bagdelar, for å sei det rett ud. På ein måde kan det jo ver greit med lause rau. Hvis du e i Syden for eksempel, og toalettene e litt ekle, så kan du bare sedda rauå fra deg på do og gå ud og ta deg ein røyg. Så kan du kanskje lera an opp te å roba ferige. Og då går du bare inn og hente an. Trenge ikkje å tørka an eingang, bare skylle an i sjøen. Men så slår det meg at bagdelene sikkert e flerne enn fordelane, og at eg nøkternt sett burde få min bagdel på plass fortare enn fort.

Eg springe mod bilen for å kjøra te legevaktå. Slenge rauå i bagasjerommet. Men når eg ska setta meg bag rattet har eg jo ikkje rauå å setta meg på! Men eg sedde meg rett på tykktarmen. Starte bilen, gir gass. Så oppdage eg at eg ikkje ser veien, bare speedometeret. Men eg dride i det, sjøl om det e å snakka litt øve seg. Eg kjøre mod legevaktå, men plutseligt så blir eg så enormt kaffityste. Eg tenke at det kan jo ikkje hasta sånn, så eg kjøre innom ein kafe på veien. På kafeen e der ingen kjentfolk, så eg tar meg bare ein kjappe kaffi.
I det eg ska sedda meg inn i bilen igjen, oppdage eg at eg har glømt rauå. Eg går inn på kafeen og spørr om de har fonne ei rau. Kafeverten spørr om koss an såg ud, og eg svare at det va ei heilt vanlige rau, med någen flonkane nye dangleber på. Han leide i ei eska med gjenglemte ting, men finn’an ikkje. Han finne bare någen skjerf og paraplyar, og ein gammale venstrearm. Ude i bilen igjen oppdage eg rauå i bagasjerommet. Eg sedde meg inn og gjer gass. Komme te legevaktå, der seie de bare sidd og vent. Lettare sagt enn gjort det. Står og vente i ein time. Komme inn te lege. Han henvise meg te et verksted.

VERKSTEDMUSIKK

Eg komme inn på verksted. Mekanikarane lure på ka så e galt med bilen, eg må jobba rauå av meg, glømme meg ud et lide øyeblikk, for å få de te å forstå at det handle om meg og ikkje bilen. Mekanikarane forstår alvoret og går i gravå. Eg må opp på bukken - og havresekken. Og itte møje strev får de skrudd på rauå igjen.

Den mutteren ska eg aldri røra merr.