TINGENES TILSTAND
av Hans Marius Hansteen
[print versjon]

DET KAN TENKJAST
Å tenkja er å tenkja sjølv, og å tenkja sjølv er å tenkja på vegne av alle. Men ingen kan tenkja for andre. Det einaste du har å tenkja ut frå er staden du sjølv er. Det innerste rommet er landskapet huset
ditt står i.


TOLMODIGE BOMBER
Utan røyk, utan eld, brann tjue år under føtene mine. Landskap blei vekke, folk vart igjen. I forseggjorde hol rauter hestane i sine gjenferd.


RUINPARK
Fredsreklamen var bilder av krig. Aldri anna. Ingenting anna. Dei sa: Krigen er over, om krigen held fram, er det andre stader, andre tider. Freden skal innhenta alle. — For å koma neste fred i forkjøpet, vert byen ombygd til minnesmerke over neste krig.


FORTÆRANDE
Takstmannen spør: Kva kostar ein ny? Tiggeren svarer: Kva kostar ein gamal?


KLÅR LUFT
Det vert snakka varmt om framtida. Det gjeld å tala kjøleg om notida. "Bitterheten er håpets senform." — Sorga over det som går tapt nærer vona om det som skal koma.


DJEVELENS ADVOKAT
Om det ikkje finst nokon gud, så har de synda di meir ved å leggja alt i hans hender.


VEMOD
Nostalgi er sann lengt i form av eit falskt sakn. Det vi minnast har ikkje vore. Berre det forgjengelege kan forevigast.


NOK TIL ALLE
Ein gamal tanke: At einsemda kunne vera ei kollektiv erfaring.


ROBINSON
Oppvekst er å halda plassen medan ein ventar på den ein skal bli. Så mykje er klårt, at kvart menneske er ei øy, at ein må klara seg sjølv. Like klårt er det at ein aldri er for seg sjølv, difor draumen om å koma seg vekk, greia seg på eiga hand. Så flyktar ein frå og til einsemda: Boka er ei øy. Lesaren skriv seg til havs i von om å møta seg sjølv i blikket til den andre.


VESTLAND
Det grå lyset får verda til å minna om svartkvitbilete i album ein kunne bla i slike ettermiddagar då ein hadde huset for seg sjølv. Slikt lys stoggar tida: Tinga vert lettare og meir alvorlege, som spor etter noko frå før i verda. Ein er alltid for seint komen til å sjå korleis det verkeleg er, eller var, før blikket mitt forstyrrer verda.


DRIT I KVA EG HEITER —
Eg bur her i byen og har ikkje noko imot å gjera det. Eg seier det slik: Eg har hatt fantasi nok til å halda ut, og for lite til å førestilla meg noko anna. Men det som overgår all fantasi er at før eg var tredve år gamal visste eg: Her er ingen stad å minnast når eg vert gamal.


SAKLEG
Ein skal ikkje handsama menneske som ting. Men vi kan ikkje difor omgåast tinga på ein umenneskeleg måte.
Den åndelege og den teknokratiske forakten for tinga har sams grunnlag: Avstanden til verda som berre er mogleg for den som har for mykje.


RISIKOSAMFUNNET
Vi er vitne til ei trivialisering av eksistensialismen: Angst og beven er ikkje lenger privilegium for religiøst sensible, snarare kvardagsrøynsle for alle som ikkje er sanselaust nøgde.
At det vitnar om stordom å halda ut den eksistensielle einsemda, er noko folk innbillar seg av di innsikta i kva som skaper denne einsemda ikkje er til å halda ut.


MOTVILJUG
Den som veit, treng ikkje tenkje. Ikkje den metodiske tvilen som skal leggja grunnlaget for viten, men den røynlege, fortvilinga: Erfaringa av ikkje å vita, som mot vår vilje set tenkinga i gang.


MED NASE FOR SNØRR OG BARTAR
Som skrive står: Gje keisaren det keisaren er, og Gud det Guds er. Dei som fulgte dette bodordet kom likevel i strid med romarane, som heldt keisaren sjølv for guddommeleg. Slik strid gjeld ikkje om det er skilnad — til dømes mellom det heilage og det verdslege — men om kva som høyrer til kor.
Å sansa er å sansa skilnad, ordenssans er sansen for kva skilnader som gjer skilnad. Sjølve skinaden mellom noko og noko anna er korkje det eine eller det andre. Så går då også tredelingane att, både i heilage og verdslege samanhengar.


"LIKEVEL MÅLA MUNCH EI EIK"
Det som gjer framstillinga av ei eik til kunst, er i kvart tilfelle det som er særmerkt for materialet. Dét i målarstykket som ikkje lét seg omsetja til tekst, det i teksten som ikkje lét seg omsetja til musikk og så bortetter.
Når dette er oppdaga, frigjer kunsten seg frå førelegget: Målarstykket er ikkje lenger avbildning, men bilete, teksten ikkje beskriving, men skrift. Musikken vert det han alltid var: Lyd.
Emne er det ein emnar på, emninga vert sjølve emnet.


KUBISME
...because talking can be a way of listening...
Gertrude Stein
Livet vert levd framlengs og forstått baklengs. Medan praten går, lyttar vi oss attover: Byrjinga er målet, iallfall i kunsten.
Michelangelo Pistoletto har laga ei kasse på 1x1x1 meter, kledd med speglar på innsida. Den heiter 1 m3 uendelegheit og skulle eigna seg til oppbevaring av sentrallyrikk.


UR-VERK
Det finst ei teikning av Quino der folk står i kø for å få klokkene sine tanka opp frå ei pumpe som ser ut som eit golvur (eller eit golvur som ser ut som ei pumpe).
Omgrepet for det skjønne er det som er føremålstenleg utan føremål. Altså er kunsverket er ein maskin som ikkje produserer anna enn seg sjølv. Urbildet er ein perpetuum mobile. Er det tid eller evigheit klokkene vert fylte med?


UVENTA TREFNING
Metaforen er partisan i semantiske felttog: Diktaren freistar åleine å stansa ein heil krig.


TYNN IS
Skriv i vatn eller skriv i stein: Klårt eller kryptisk.
Å vera klok er ikkje vanskeleg. Det er enkelt eller uråd.


SOM SAGT
Treet du taler om er ikkje det du såg. Ikkje liknar det heller.
Det du seier er det du sa.
Hugs dette: Du har alt gløymd det.






Hans Marius Hansteen er stipendiat i filosofi ved universitetet i Bergen. Han er mangeårig medlem av Retorisk Forum.
Han har tidligere gitt ut essaysamlingen Ordet fangar. Bosatt i Bergen.
Hans.Hansteen@fil.uib.no