Stiløvingar
av Raymond Queneau

Til norsk ved
Ragnar Hovland
[print version]


NOTAT
S-bussen i rushtida. Ein fyr på rundt 26, filthatt med snor i staden for hatteband, altfor lang hals, som om nokon skulle ha dradd i den. Folk går av. Fyren det er snakk om irriterer seg over ein sidemann. Han skuldar han for å støyte borti han kvar gong nokon går forbi. Ein sutrande tone som skal verke hissig. Då han får auge på ein ledig plass, kastar han seg over den.

To timar seinare møter eg han på Cour de Rome, framfor Saint-Lazare-stasjonen. Han er saman med ein kamerat som seier: "Du burde få sydd på ein ekstra knapp i frakken din." Han viser han kor (i halsen) og kvifor.


METAFORISK
I dagens sentrum, slengt inn i denne stimen av reisande sardiner i ein bille med kvitt panser, var det ein kylling med stor, ribba hals som leverte ein harang til ein av dei, som såg fredeleg ut, og språket hans, fuktig av protest, falda seg ut mot himmelen. Dregen mot eit tomrom styrta fugleungen så mot det.

I ein trist byørken såg eg han att same dag idet arrogansen hans fekk så frakken passa på grunn av ein eller annan knapp.


SPÅDOM
Når klokka blir tolv, kjem du til å stå på den bakre plattformen på ein buss der passasjerane pressar seg saman, og mellom dei vil du leggje merke til ein latterleg jypling: skjelettaktig hals og ikkje noko band rundt den mjuke filthatten. Han har det ikkje så bra, småen. Han kjem til å tru at ein mann dyttar han med vilje kvar gong det går forbi folk som skal av eller på. Han seier det til han, men den andre svarar ikkje, full av forakt som han er. Og den latterlege jyplingen, som blir gripen av panikk, vil strene for nasen på han bort til ein ledig plass.

Du kjem til å sjå han att litt seinare på Cour de Rome, framfor Saint-Lazare-stasjonen. Ein venn vil vere i følgje med han, og du vil høyre desse orda: "Frakken din er litt i ufasong; du må få på ein ekstra knapp."


NØLANDE
Eg er ikkje sikker på kor det gjekk føre seg ... i ei kyrkje, i ein søppelkasse, i eit likhus? Ein buss kanskje? Det var det visst ... men kva var det no der? Egg? Teppe? Reddikar? Skjelett? Ja, men framleis med kjøt på og enno i live. Eg trur det var det. Folk i ein buss. Men det var ein (eller to) som særleg merka seg ut, eg veit ikkje lenger heilt på kva måte. Ved at han verka stormannsgalen? Utruleg feit? Melankolsk? Nei heller ... meir presist ... ved at han var ung, kombinert med ein lang ... nase? Hake? Tommel? Nei, hals. Og med ein merkverdig, høgst merkverdig hatt. Han kom opp i krangel, ja, slik var det, truleg med ein annan passasjer (mann eller kvinne? Barn eller olding?). Det enda sannsynlegvis med - det måtte jo ende på ein eller annan måte, at ein av dei stakk av.

Eg trur det var den same personen eg såg, men kor? Framfor ei kyrkje? Eit likhus? Ein søppelkasse? Saman med ein kamerat som snakka med han om noko, men kva? kva? kva?


DEN SUBJEKTIVE SIDA
Eg var ikkje direkte misfornøgd med habitten min den dagen. Eg hadde nettopp innvigd ein ny hatt, ikkje så verst dristig, og ein temmeleg smart frakk. Møtte X framfor Saint-Lazare-stasjonen, som prøvde å spolere dagen for meg ved å påstå at frakken var for open i halsen og at eg burde få sydd i ein ekstra knapp. Men han vågde trass i alt ikkje å rakke ned på hovudpryden.
Litt før dette hadde eg lese teksten for ein aldeles vulgær person som med vilje forulempa meg kvar gong folk gjekk forbi, ved av- og påstigning. Dette skjedde då i ei av desse skrekkelege kjøregreiene der massane klyngar seg saman nett på det tidspunktet då eg ser meg nøydd til å ta dei i bruk.


FORTELJING
Ein dag ved middagstid i nærleiken av Monceau-parken, på den bakre plattformen på ein så godt som fullpakka buss på S-linja (84 i dag), fekk eg auge på ein person med svært lang hals som hadde på seg ein mjuk filthatt med ei fletta snor rundt i staden for hatteband. Dette individet vende seg brått til sidemannen og hevda at denne med vilje trakka på føtene hans kvar gong det steig passasjerar av eller på. Han oppgav forresten fort diskusjonen for å kaste seg over ein ledig plass.

To timar seinare såg eg han att framfor Saint-Lazare-stasjonen i livlig samtale med ein venn som rådde han til å minske glipa øvst i frakken sin ved å få ein dugande skreddar til å flytte den øvste knappen eit hakk opp.


ANIMISME
Ein mjuk, mørk, kløfta hatt med nedbretta brem og med ei fletta snor rundt pullen, ein hatt blant andre hattar, som berre rykte til når humpar i vegen forplanta seg til han gjennom hjula på det motoriserte kjøretøyet som transporterte han, denne hatten. Ved kvar haldeplass var dei sidelengs rørslene som av- og påstigninga til passasjerane utsette han for stundom temmeleg markerte, noko som til slutt hissa han opp, denne hatten. Han uttrykte vreiden sin ved hjelp av ei menneskeleg røyst som var festa til han gjennom ei kjøtmasse strukturelt organisert rundt ein beinhaldig halvsfære perforert av nokre hol rett under han, denne hatten. Så gjekk han brått for å setje seg, denne hatten.

Ein eller to timar seinare såg eg han bevege seg att og fram i omlag 1,66 meters høgde over bakken, framfor Saint-Lazare-stasjonen, denne hatten. Ein venn rådde han til å få sydd på ein ekstra knapp i frakken...ein ekstra knapp...i frakken...tenk å seie noko slikt til han...til han...denne hatten.


FORRETNINGSBREV
Jeg har herved æren av å informere Dem om følgende hendelser som jeg var et såvel upartisk som skrekkslagent vitne til.

I dag, rundt klokken tolv, befant jeg meg på plattformen på en buss på vei opp Courcelles-gaten i retning Place Champerret. Den nevnte bussen var full, ja mer enn full, ville jeg nesten si, da konduktøren hadde tillatt å overskride høyeste passasjerantall uten gyldig grunn og tilskyndet av en overdreven hjertegodhet som fikk ham til å overtre reglementet, noe som følgelig nærmer seg lemfeldighet. På hvert stoppested forårsaket bevegelsene til av- og påstigende passasjerer en viss dytting, noe som førte til at en av passasjerene protesterte, men ikke uten en viss tilbakeholdenhet. Jeg skylder å gjøre oppmerksom på at han gikk for å sette seg så snart dette syntes mulig.

Jeg vil gi denne korte redegjørelsen følgende tilføyelse: jeg kom litt senere til å legge merke til denne passasjeren i følge med en person jeg ikke klarte å identifisere. Den livlige konversasjonen de deltok i syntes å dreie seg om spørsmål av estetisk karakter.

På dette grunnlag ber jeg Dem om å indikere de konsekvenser jeg må trekke av disse hendelser og hvilken holdning De deretter mener jeg bør innta når det gjelder min fremtidige livsførsel.

Idet jeg imøteser Deres svar, forsikrer jeg Dem om min høye aktelse.



Så kom bussen. Så steig eg på. Så såg eg ein person som verka påfallande. Så såg eg den lange halsen hans og så såg eg snora som han hadde rundt hatten sin. Så gav han seg til å kjefte på sidemannen som så trakka han på tærne. Så gjekk han for å setje seg.

Så, noko seinare, såg eg han att på Cour de Rome. Så var han saman med ein kamerat. Så sa kameraten: du burde få sydd i ein ekstra knapp i frakken. Så det.


SVULSTIG
I den timen da morgenrødens rosenfingre er i ferd med å briste, steg jeg, lik en hurtig pil, inn i en buss med sitt kraftfulle legeme og sine kuøyne på S-linjens buktende løp. Jeg la merke til, med samme presisjon og skarphet som en indianer på krigsstien, nærværet av en ung mann med en hals lenger enn den til en rappfotet giraff, og med en myk, kløftet filthatt prydet med en snor, liksom helten i en stiløvelse. Den ulykkebringende Tvedrakt, med sine bryster av sôt, kom fra hans munn forpestet av manglende tannpasta, Tvedrakten, sier jeg, kom for å puste sin dødelige virus mellom denne unge mann med giraffhals og snor rundt hatten, og en reisende med tvilrådig og melaktig ansiktsuttrykk. Den førstnevnte henvendte seg til den siste i følgende ordelag: "Si meg, De ondsinnede mann,man skulle tro at de tråkker meg på mine tær med vilje!" Med disse ord gikk den unge mann med giraffhals og snor rundt hatten raskt for å sette seg.

Senere, på Cour de Rome med sine majestetiske proporsjoner, så jeg på ny den unge mann med giraffhals og snor rundt hatten, i følge med en kamerat, en elegansens smaksdommer, som fremførte følgende kritikk, som jeg kunne høre med mitt skarpe øre, en kritikk som rettet seg mot det ytterste klesplagg som den unge mann med giraffhals og snor rundt hatten bar: "Du burde forminske halsåpningen ved tillegg eller forflytning av en knapp i dens sirkulære periferi."


FORHØYR
- Kva var klokka då 12.23-bussen på S-linja passerte i retning porte de Champerret?
- 12.38.

- Var det mykje folk på den nemnde bussen på S-linja?
- Haugevis.

- Kva la De spesielt merke til?
- Det var spesielt ein som hadde ein svært lang hals og ei snor rundt hatten.

- Var åtferda hans like merkverdig som antrekket og anatomien?
- Ikkje i begynnelsen, den var heilt normal, men han viste seg etter kvart å vere lett overspent cyklotymisk paranoid i ein tilstand av hypergastrisk irritasjon.

- Korleis ytra dette seg?
- Den spesielle personen det er snakk om vende seg til sidemannen sin i ein sutrande tone og spurde han om han ikkje med vilje trakka på føtene hans kvar gong passasjerar steig av eller på.

- Var det grunnlag for denne skuldinga?
- Det veit eg ikkje.

- Kva var utgangen på denne situasjonen?
- At den unge mannen flykta hals over hovud for å setje seg på ein ledig plass.

- Hadde denne hendinga eit etterspel?
- Mindre enn to timar seinare.

- Kva slags etterspel snakkar vi om?
- At dette individet på ny dukka opp på min veg.

- Kor og korleis møtte De han att?
- Då eg kjørte med buss forbi Cour de Rome.

- Kva gjorde han der?
- Han tok imot eit råd som gjekk på eleganse.


PARECHESIS
På den butte tribunen på ein buss som bukserte oss i buken sin opp bulevarden mot eit bustadområde ute i bushen, stod det ein rabulist av ein buse utan ibuande nimbus og med bulkete hovudplagg og buste ut mot ein annan busspassasjer som butta imot: "Bulemiske bukk! Du skulle hatt i bukseræva!" Og andre tabuord. Deretter sburta han avstad til ein bulkete taburett og sette seg med bulder og brak.

Seinare - bums - ved ei diger bule gjekk han med ein annan bustemikkel som stibulerte: "Di burugle! Du må butte ein annan plass denne forbulte buttonen i bunaden!"


FILOSOFISK
Berre dei store byane kan presentere for den fenomenologiske ånd det essensielle i dei temporelle og improbabilistiske samantreff. Den filosofen som stundom stig inn i den fåfengde og utilitære ineksistensialiteten i ein S-buss, kan der med sitt fasettauges klårsyn observere dei flyktige og fargelause openberringar av eit profant medvit råka av fåfengdas lange hals og uvissas hattesnor. Denne materien utan veritabel faktisitet, går stundom over i det kategoriske imperativ av si livs- og rekriminasjonskraft mot den neo-berkeleyanske irrealiteten til ein utynga kroppsleg mekanisme av medvit. Denne moralske attityden fører då den mest umedvitne av dei to mot ein tom spatialitet der den oppløyser seg i sine primære og krøkte element.

Den filosofiske undersøkinga vil normalt sett halde fram gjennom det tilfeldige, men anagogiske møtet med same være, følgt av sitt inessensielle og minutiøse motstykke, som i kantiansk forstand tilrår denne å omflytte på forståingsplanet omgrepet frakkeknapp, som sosiologisk sett har for låg plassering.


TAKTILT
Bussane er mjuke å ta på, særleg dersom ein tar dei mellom låra og kjærteiknar dei med begge hender, frå hovudet og mot halen, frå motoren mot plattformen. Men når ein står på denne plattformen, så merkar ein noko som er meir ujamnt og ruglete, som er jernstanga eller rekkverket, og stundom noko meir sprettent og elastisk som er ein rompeball. Nokre gonger er det to av dei, og då set ein setningen i fleirtal. Ein kan også gripe rundt ein røyrforma og dirrande ting som utstøyter idiotiske lydar, eller ein reiskap med fletta spiralar mjukare enn ein rosenkrans, meir silkeaktige enn piggtråd, meir fløyelsblaute enn eit tau og tynnare enn ein kabel. Eller også kan ein røre med fingeren det menneskelege idioti, lett klissete og ekkelt på grunn av varmen.

Viss ein så tar det med ro ein time eller to, så kan ein framfor ein ru stasjon dyppe den lunkne handa si i den herlege friskleiken frå ein elfenbeinsknapp som ikkje sit på rett plass.


VISUELT
Som heilskap er den grøn med kvitt tak, avlang, med vindauge. Det er ikkje kven som helst som kunne lage vindauge. Plattformen er utan farge, halvt grå, halvt kastanjebrun, om ein vil. Det er spesielt fullt av buktingar, ein haug med S'ar, så å seie. Men slik i middagstida, i rushtrafikken, så er det eit utruleg virvar. For å få system i det måtte ein trekke ut av magmaet eit bleikt, okerfarga rektangel, plassere ein bleik okerfarga oval ved enden av det, og over der att klistre ein mørk okerfarga pøs omgitt av ei snor i brent, og attpåtil blanda sienna. Så skulle ein kline på ein flekk gåsedrit for å framstille sinne, eit raudt triangel for å uttrykke raseri og ein skvett grønt for å gjengi innestengd galle og pisseredsle.

Etter det skulle ein teikne ei slik søt lita marineblå frakkegreie og heilt øvst, rett under halsopninga, ein søt liten nusseleg knapp, heilt nøyaktig gjengitt.


AUDITIVT
Burande og smellande kom S-bussen kvinande langs det stille fortauet. Trombonen til sola spelte middagstimen i b-moll. Fotgjengarane, skrikande sekkepiper, ropte numra sine. Nokre av dei steig ein halvtone, noko som var nok til å føre dei mot Porte Champerret med dei syngande arkadane. Mellom dei pesande utvalde var det eit klarinettrøyr som diverse ulykker med tida hadde gitt menneskeform og ein hattemakars perversitet slik at han på pauka bar eit instrument som likna ein gitar som hadde fletta strengene sine for å lage eit belte av dei. Brått, midt i mollakkordane frå føretaksame passasjerar og samtykkande passasjerinner og dei brekande tremoloar frå den rovgriske konduktøren bryt det ut ein burlesk kakafoni der raseriet frå kontrabassen blandar seg med irritasjonen frå trompeten og fagottens redsle.

Deretter, etter sukk, stille, pause og dobbelpause, bryt den triumferande melodien fram frå ein knapp i ferd med å gå ein oktav opp.


FRIVERS
Bussen
full
hjartet
tomt
halsen
lang
bandet
fletta
føtene
flate
flate og samanklemde
plassen tom

og det uventa møtet ved stasjonen med dei tusen sløkte lys
mellom dette hjartet, denne halsen, dette bandet, desse
føtene,
denne tomme plassen,
og denne knappen.


ANGLISISMAR
Ein dei rundt middei, teiker eg bøssen og eg si ein jang mæn med ein greit nekk og ein hæt med eit streindsj fletta bænd. Plutsely blir denne jang mæn kreisi og akkjuser ein respektabel sør for å tredde på tousane hans. Så rønner han mot eit anokkupert sit.
Ved ein leiter aur si eg han ægein; han våker app og daun framfor Seint Løsar steisjen. Ein gai givver han ein ædvais som konsørner ein batten.


FORNÆRMANDE
Etter ei ulidelig venting i ein forjævlig solsteik, kunne eg endeleg stige på ein motbydeleg buss der ein gjeng idiotar klemde seg saman. Den største idioten blant desse idiotane var ein kvisete ung fyr med ein umåteleg sjiraffhals som hadde kleist på seg ei grotesk hattegreie med ein hyssing der hattebandet skulle ha vore. Denne innbilske narren gav seg til å gaule fordi ein gammal idiot hadde trampa på plattføtene hans i rein senil galskap. Men det tok ikkje lenge før lufta gjekk ut av han og han luska bort til ein ledig plass som enno var fuktig av sveitten frå ræva til den som nett hadde site der.

To timar seinare, då, forbanna uflaks, så snubla eg jaggu over den same idioten i ferd med å bable i veg til ein annan idiot framfor dette kvalmande monumentet som dei kallar Saint-Lazare-stasjonen. Dei vasa i veg noko om ein knott. Eg sa til meg sjølv: Same om han får på eller av dette kvisestellet sitt, så vil han vere like jævla stygg, den forbanna idioten.


GASTRONOMISK
Etter ei gratinert venting under ei steikande sol, steig eg endeleg inn i ein pistasjegrøn buss der gjestene myldra som makkar i ein overmogen ost. I denne flokken med nudlar la eg merke til ei fyrstikk med ein hals så lang som ein brødlaus dag og ein pai på hovudet med ein slags smørskjerarstreng rundt. Denne stuten gav seg til å koke fordi ein suppegjøk krydra hønseføtene hans. Men han slutta snart med å ause av seg godsaker, for å helle seg over i ei form som var blitt ledig.

Eg var i ferd med å fordøye bussturen tilbake, då eg framfor kafeteriaen på Saint-Lazare-stasjonen, fekk sjå igjen suppetrynet mitt saman med ein pudding som var litt rå på grunn av måten han var tillaga på. Den andre var heilt tomat.


ZOOLOGISK
I fugleburet som, i den timen då løvene går for å drikke, førte oss mot place Champerret, fekk eg auge på ein zebra med strutsehals som gjekk med ein bever omgitt av tusenbein. Brått gav sjiraffen seg til å rase under påskot av at eit dyr ved sida av han trampa på klauvene hans. Men, for å unngå å bli avlusa, galopperte han mot eit tomt hi.

Seinare såg eg kyllingen att framfor Zoologisk hage, i ferd med å kvitre saman med ein dompap på grunn av fjørdrakta hans.


UVENTA
Kameratane sat rundt eit kafébord då Albert slutta seg til dei. Det var René, Robert, Adolphe, Georges, Théodore.
- Koss går det? spurde Robert hjarteleg.
- Kan ikkje klage,
sa Albert.
Han vinka på kelneren.
- Ein bitter, takk, sa han.
Adolphe snudde seg mot han.
- No, Albert, er det noko nytt?
- Ikkje rare greiene.
- Fint vêr, sa Robert.
- Litt kjølig, sa Adolphe.
- Men eg såg noko merkeleg i dag, sa Albert.
- Det er no varmt likevel, sa Robert.
- Kva då? spurde René.
- I bussen, då eg skulle til lunsj, svarte Albert.
- Kva for ein buss?
- S'en.
- Kva såg du?
spurde Robert.
- Det gjekk minst tre forbi før eg kom meg på.
- Det er ikkje så merkeleg på den tida,
sa Adolphe.
- Kva var det du såg då? spurde René.
- Vi var heilt samanpressa, sa Albert.
- Bra anledning til å klype nokon i baken.
- Pøh,
sa Albert. - Det er vel ikkje det det dreier seg om.
- Fortel, då.
- Ved sida av meg så stod det ein merkeleg fyr.
- Korleis merkeleg?
spurde René.
- Stor og tynn med ein merkeleg hals.
- Korleis då?
spurde René.
- Som om nokon skulle ha dradd i han.
- Ei forlenging,
sa Georges.
- Og hatten hans, det kan eg seie: ein merkeleg hatt.
- Korleis då?
spurde René.
- Ikkje noko hatteband, men ei fletta snor rundt.
- Merkeleg,
sa Robert.
- Og elles, heldt Albert fram, - så var fyren ein kverulant.
- Korfor det?
spurde René.
- Han begynte å skjelle ut sidemannen sin.
- Korfor det?
spurde René.
- Han påstod at han trakka på føtene hans.
- Med vilje?
spurde Robert.
- Med vilje, sa Albert.
- Og så då?
- Og så? Han gjekk og sette seg, ganske enkelt.
- Var det alt?
spurde René.
- Det merkelegaste er at eg såg han att to timar etterpå.
- Kor då?
spurde René.
- Framfor Saint-Lazare-stasjonen.
- Kva var det han dreiv med der?
- Eg veit ikkje,
sa Albert. Han gjekk att og fram saman med ein kamerat som gjorde han oppmerksom på at knappen i frakken hans var plassert litt for lågt.
- Det var faktisk det eg sa til han, ja,
sa Théodore.




Raymond Queneau utga sin Exercises de style første gang i 1947. Disse utdragene er sakset fra den norske oversettelsen av Ragnar Hovland for Litterær Palimpsest nr. 4 Stiløvingar, som kom i 1996 på PAX forlag.