Kampen om Norway City
Av Kjartan Fløgstad



I

Slik apolitisk er det motsette av politisk, er avis som kjent det motsette av vis. Når visdommen blir borte, står avisdommen igjen. Men ein ting er å bli latt i journalistikken, gjennom fryktlause konklusjonar og uskarpe telefotos, eller gjennom ugjenkjennelege overskrifter, ingressar, bilettekstar, forsiderim; alle dei ulike sjangrane som kjenneteiknar tabloid haikudikting. Det er eit vilkår den som vender seg til ålmenta, må leva med, om ikkje ta med altfor godt humør. Sannsynlegvis er tennene den einaste kroppsdelen det stadig er obskønt å visa fram offentleg.

Ein viktigare grunn til å sjå med mistru på verdien av offentlege ordskifte, er at grensa for ytringsfridommen I dag er meir Walls of Sound enn Walls of Steel and Concrete. Sannsynlegvis avgrensar den forførande massekulturen ytringsfridommen sterkare enn dei avvisande murane av jern og betong.

Men massemedia lyg aldri. Det må slåast fast først som sist. Fjernsyn, radio, tabloidar, film og bokklubbar lyg prinsipielt aldri. Desse og andre massemedier gjer noko radikalt nytt, som det må finnast heilt nye begrep og metaforar for å forstå.

Intellektuelle og moralske kategoriar som “dum” og “vond” er aleine nyttelause for å beskriva virkemåten til massekommunikasjonen. Som den frie marknaden skaper overflod av varer, skaper dei frie mediene overflod av informasjon. Vi snakkar om redundans. Vi kan snakka om forføring. Men ingenting er så tilfredsstillande som å bli forført av eit bedrag vi sjølve gjennomskodar. Vi kan seia at media gjer alt til underhaldning, det dumme og vonde, så vel som det kloke og gode. Vi ler oss i hel, greitt nok: Mediesamfunnet blir komediesamfunnet. Og ingen lyg. Tvert om, ein vel ut, fordeler betydning, utelet, underheld, overdriv, opptrer ansvarleg. Umberto Eco snakkar om det heile som ei slags avriving, ein overflatisk renselsesprosess: “Overflata av informasjon gjer at alle ting passerer som vatn i dusjen, etterpå tørkar ein seg.”

Men har vi dermed blitt reinvaska? Eller har det, slik Eco antyder, vore som å kasta vatn på gåsa? Og når dusjen står på i stadig fleire rom: Blir vi nokon gong tørre og reine igjen? Forblir vi uberørte? Blir vi forførte?

Ingen av delane. Verken eller. Både òg. Og også noko anna. Gjennomslagskrafta til massekommunikasjon ligg nettopp i den ulidelege spenninga mellom dei uhøyrt sterke og raffinerte massemediale førestillingane på den eine sida, sett opp mot kulturindustrien som velorganisert konfeksjon av masselojalitet på den andre. Massemedia stiller uavlateleg spørsmål om kva som er dikt og kva som er røyndom. Sjølve den massemedierte røyndommen, som vi kan kalla hyperrealitet eller virtualitet, er sett saman av ultrakorte utopiar som blir innfridde like lenge som reklameinnslaga varar, for så å bli avløyst av ein ny utopi. Massemedia bombarderer oss ikkje med all verdas elendighet og med bilete av det gode liv, men med apokalypsar og utopiar, klippa tett saman som folkekomedie og såpeopera. Media er verken organ for høgre eller venstre, men for kollektiv gløymsle, samstundes. Kommunikasjonskanalane blir ikkje snudde, slik som elvane i Sibir skulle bli, men leidd inn i dusjen. Og under dusjen sloknar brannfaklane. Makta blir berre nedsliten dersom folk hugsar, seier Eco. Som å sjå seg sjølv i baderomsspegelen medan ein dusjar: Alt er vatn, om du ser lenge nok gjennom såpeskummet.


II

I denne høgt utvikla informasjonskapitalistiske logopolen – ordbyen – er massekommunikasjonen ikkje ei forlenging av politikken med andre midlar, men ei forlenging av politikken med andre medier. Alt den svært unge Karl Marx slo i 1842 fast at “Det første vilkåret for pressefridom er at avisene ikkje er forretningstiltak”. Sidan har venstreorientert kritikk av den herskande kommunikasjonsmåten bygd på dette premisset, medan den herskande oppfatninga i dag nærmast seier det motsette, nemleg at ytringsfridom er kunsten å ytra seg med økonomisk overskot som resultat. Underskotsytringar bør berre anmeldast til Økokrim.

Den mest inngåande analysen av forretningstiltaka bak den internasjonale konsensusproduksjonen er utført av nordamerikanarane Edward S. Herman og Noam Chomsky. I boka Manufacturing Consent frå 1988, med den vel pretensiøse undertittelen “Massemedias politiske økonomi”, tar forfattarane for seg dei ulike filtra som avgjer kva slags nyheter kulturindustrien set i masseproduksjon, og den utfordringa denne filtreringa gir nyhetene. I staden for å bruka filter, altså silingsapparat frå kjemien, som metafor, kan ein på norsk heller kalla desse filtra for Kontrollene på Hedalsskogen, etter folkeeventyret.

Ifølge Asbjørnsen og Moe var desse kontrolla “så store og digre at hodene på dem var jevnhøye med furutoppene. Men de hadde ett øye til sammen alle tre, og det skiftedes de til å bruke; de hadde et hull i pannen, som de la det i, og styrte det med hånden; den som gikk foran, han måtte ha det, og de andre gikk etter og holdt seg i det første”.

Herman & Chomsky snakkar om seks filter, hos Asbjørnsen og Moe er det berre tre troll. I alle fall går det kontroll i ord. Om det eine trollauga dei hadde saman alle tre, heiter det: “Det var større enn om en hadde lagt i hop to potteskåler, og så klart var det, at enda det var fullmørke natten ble det som lyse dagen da han så gjennom det,” står det i “Småguttene som traff trollene på Hedalsskogen”.

Dette trollauga som gjer det klårt som lyse dagen endå det er fullmørke natta når vi ser gjennom det, og som også stirte tilbake på oss frå dei gamle radioapparata, dette massemediale trollauga definerer Herman & Chomsky som eit system for å kommunisera bodskaper og symbol til offentligheta. Sannsynlegvis er dette ein altfor instrumentell definisjon. Ved å forstå massemedia som eit redskap, som eit kommunikasjonsmiddel, ser ein heilt bort frå den prosessen Baudrillard kallar virtualisering, der den umiddelbare og sanselege opplevinga av verda blir umulig, fordi mediene rykker tinga inn i ein sfære der alt blir tilsynelatande og vilkårleg, og fører frå indikativ til irrealis.

Likevel fører Herman & Chomskys oppdagingsreise eit godt stykke på veg nedover den internasjonale nyhetsstraumen. Sitt sjølvsagde utgangspunkt tar dei i sjølve oppkomma for denne straumen, i USA, der kommunikasjonsøkonomien er ein rein marknadsøkonomi. Men også vi småguttane frå den massemediale blandingsøkonomien på Hedalsskogen slår følge med Edward Herman og Noam Chomsky for å sjå om vi treff kontrolla inne i den tjukke skogen av antenner.


III

Storleiken, eigarinteressene og profittmotivet. Det er det første kontrollet, det første filteret som silar nyhetsstraumen. I USA er dei viktigaste medieselskapa store, profittstyrte aksjeselskap, eigde eller kontrollerte av pengefolk. Aksjane til størsteparten av medieselskapa blir omsette på børsen. Familiekontrollen over viktige medieselskap er likevel stadig vedvarande og sterk, sjølv om familieinteressene blir svekka etter kvart som aksjane blir spreidde mellom fleire arvingar, og dereguleringa av marknaden har fått prisen på medieaksjar til å stiga. I tillegg ekspanderer nokre medieselskap utanfor feltet for massekommunikasjon, medan selskap frå andre bransjar går inn i massemedia, t.d. Westinghouse og General Electric. Nest etter eigarinteressene reknar Herman & Chomsky reklamen som det andre digre kontrollet i antenneskogen. Annonsørane påvirkar programtilbodet av den enkle grunnen at dei kjøper og betalar for programma. På denne måten blir dei det som har blitt “normative referanseorganisasjoner” for programinnhaldet. Innanfor marknadsøkonomiane vil desse normative referansane med få unntak virka politisk og kulturelt i konservativ retning. Samstundes ligg det klåre interesser i ikkje å støtta program som eggar til motsetning og strid. Når annonsørane sponsar “kultur”, er det gjerne av den typen kultur som får klistra på seg merkelappen “kvalitet”, og som oppmodar til fornemt og kostbart forbruk av sosiale grupper som treng veleigna kunstverk som påskot for å ta seg sjølve høgtideleg.

Det tredje kontrollet i antenneskogen er bruken av kjelder.

Massemedia står i eit symbiotisk forhold til utvalde informasjonskjelder. Kommunikasjonskanalane er avhengige av regjering og styresverk for å få lisensar og løyve, men også for å ha tilgang til såkalla sikre kjelder og vanlegvis vel underretta hald.

Alt i alt blir massemedia subsidierte av styresmaktene, storkonserna og interesseorganisasjonane, som til gjengjeld får spesialtilgang til mediene ved å skaffa fram billig råmateriale for nyheter. Det særeigne tilhøvet mellom makthavarar og media skaper også eit behov for ”ekspertar” av ymse slag.

Henry Kissinger, som ikkje var heilt urøynd I slike spørsmål, har peika på at ekspertar er eit folk som har inntatt alminnelege holdningar, og vidare at ”å utvikla og klårgjera denne konsensus (les: desse alminneleghetene) er, når alt kjem til alt, det som har gjort dei til ekspertar”.

Det fjerde kontrollet som kjem fram når vi trampar på brua over nyhetsstraumen, kan vi på norsk kalla sjåarstormen eller telefonstormen. Sjølv om den kan oppstå spontant, er likevel sjåarstormen normalt knytta til mediene pengar og makt. Det same gjeld sjølvsagt ”mediaoffer” som har råd til å søka støtte hos profileringskonsulentane i antenneskogen.

I det minste inntil for eit tiår sidan var antikommunismen eit femte kontrollpunkt i nyhetsstraumen. Dette punktet fører til det som for Herman & Chomsky er det siste kontrollet i antenneskogen.

Dette punktet, som dei kallar dikotomisering eller todeling, inneber kort sagt skilnaden på ”Son of a bitch” og ”Our son of a bitch”. Sagt på ein annan måte er tortur på Cuba tortur, medan tortur i Tyrkia kan vera eit nødvendig vonde for å forsvara fridommen.

Ei anna følge av dikotomiseringa er inndelinga i verdige og uverdige offer for politisk forfølging. Vanskane til eit verdig offer som Andrej Sakharov var viktigare i konsensusproduksjonen enn vanskane til tusen latinamerikanske intellektuelle. Mordet på den polske presten Popieluszko fylte hundre gonger så mykje spalteplass som morda på hundre latinamerikanske prestar. Dei arabiske massane støttar Saddam Hussein, medan det amerikanske folket feirar frigjeringa av Kuwait. Hovudforsalinga i FN har fordømt den nordamerikanske invasjonen i Panama som brot på internasjonal lov. Hittil har ikkje verdssamfunnet alliert seg i ein mektig flyarmada som kan bomba aggressoren for overgrep mot ein liten nabo. Norge har visstnok ennå ikkje sendt kystvaktskip til Mexicogolfen og feltsjukehus til Baja California.


IV

Ei rekke av dei trolla vi har møtt i den internasjonale antenneskogen vil vera fråverande når vi smågutane på Hedalsskogen treffer dei lokalt. Hos oss er massemedias politiske økonomi stadig ein blandingsøkonomi, der ein kunne tenkja seg ei nyhetsformidling som var meir ubunden og fri frå kommersielle og korporative interesser. Men så ser ikkje ut til å vera tilfelle. Norge er vel det einaste landet i verda der kven som helst kan bli generalredaktør og seia kva ein vil, berre ein først går gjennom Forsvarets Høgskole og lover dyrt og heilag å teia i alle viktige saker.

Dette store trollet er likevel ikkje hovudgrunnen til at så mange redaksjonar nøyer seg med å få lisens for nasjonal tapping av nyhets-cola på lokale MacNews-stasjonar. Hovudgrunnen er eit sjuande kontroll, som Herman & Chomsky ikkje nemner, men som er det digraste og mektigaste, med eit hovud som stikk langt opp over antennetoppane. Det dreiar seg om dei dramaturgiske lovane for all kommersialisert massekommunikasjon. Men på eit djupare plan heng det saman med radikaliteten i massemedias omverdensbehandling. På ein måte opptrer Herman & Chomsky lik dei sovjetiske ingeniørane som ville snu elvane i Sibir. Herman & Chomsky vil snu nyhetsstraumen, i ein situasjon der både dei kontrollfiltra dei kritiserer, og deira eigen kritikk, ser ut til å implodera i nyhetskonsumets svarte hol, medan det sjuande kontrollet, med augo i eit hol i panna, leier oss gjennom antenneskogen inn i ein kulturell bananrepublikk der hovudstaten heiter Norway City.

Vi tar fjernkontrollet i handa. Leid du meg fram. Ikkje gjennom propaganda. Ikkje i eit nøytralt program. Norway City ligg midt i neste propagram.




Kjartan Fløgstad er forfatter. Hans siste bok er Osloprosessen. Dette essayet er et av tre i den lille samlingen Nødvendighetsartiklar (1998).