Noko av det usunne ved vår tid er tendensen til å oppfatta det usunne i samfunnet som typisk for vår tid.

Når Arvid Bryne i Dagbladet den første september i år skriv at Erlend Loes roman Tatt av kvinnen er ein kritikk av sekstiåttar-foreldra som tok kjønnsidentiteten frå sønene sine, er det underforstått at før den tid hadde mennene ei sjølvforståing som gjorde dei sterke og lykkelege.

Men påstanden om at kvinnene tek krafta frå mennene, er like gammal som litteraturen sjølv. Hesiod, ca 700 f Kr, veit å fortelja at i riktig gode gamle dagar fanst der bare menn, og dei levde saman i fullkommen harmoni. Men frå den dagen gudane skapte kvinnene, har livet vore ei forbanning, “for plagsomt er alt deres væsen,” som det heiter i den danske omsettinga.
Såleis kunne Ola Jonsmoen støtta seg på ein solid tradisjon då han under Garborgdagane på Tynset greip fatt i det litteraturhistoriske faktum at Arne Garborg reagerte på ekteskapet med den intelligente og energiske Hulda Bergesen ved å setta seg ned og gå i frø: Sterke kvinner gjer menn til tuslingar.

Sett frå ein biologisk synsvinkel gir det lite meining å seia noko slikt. Om ein hingst eller okse ikkje har framferd til å hevda seg mellom hopper og kyr, er det bare som det skal vera at han ikkje får para seg og føra genene sine vidare.
Men mennesket er både eit vanleg pattedyr og eit eksklusivt fornuftsvesen. Så langt tilbake som der finst skriftlege kjelder, har forholdet mellom natur og kultur vore både ei gåte og ei pine. Mennesket fordøyer maten og føder ungar på same vis som sjimpansar og griser. Samstundes bruker det klede og bur i hus med vaskemaskinar og vassklosett. Og det har eit vidunderleg språk som kan føya tankerekke til tankerekke til det når heilt til himmels. Men kvar gong det i kraft av ånd og tanke har heva seg over materien, blir det henta ned på jorda igjen av dei biologiske behova sine. Nett i det det skal til å fatta det inste mysterium, blir det avbrote av at det må på do.

Stort sett har filosofar og diktarar vore menn, mens det for det meste har vore kvinner som gjorde reint. Det kan vera ei forklaring på at alt det ufyselege i tilværet har blitt knytta til det kvinnelege. At ingen små gutar kjem til jorda utan kropp, blir gjennom ord og vendingar bortforklart med at det er bare noko mødrene held på med. Fødselen er urein, men i dåpens bad blir den skitne og slimete materien bytta ut med ånd. Danninga av den vaksne mannen går ut på å heva seg opp over all verda som rein tanke og vilje.

Greier han ikkje det, må det vera nokon si skyld.

Sidan ingen liker å få slengt i trynet at dei gjer mennene sine til tuslingar, fell mang ei ung jente for freistinga til å gå inn i ei tenande rolle dess før dess betre. Dersom ho tek seg av matlaginga og reinhaldet, kan mannen driva på med slike ting som aukar prestisjen for dei begge. Dette har vore ei vanleg arbeidsdeling i dei fleste kulturar, og vil som regel gi både mann og kvinne meir ytre framgang enn dei ville fått om dei prøvde å gjera suksess kvar for seg. Ein mindre heldig konsekvens er at han står i fare for å stryka med dersom ikkje ho er der og held han mett, varm og tørr. Somme kvinner utøver makt ved å knytta mennene til seg i audmjukande underordningsforhold. På den andre sida er det heller ikkje uvanleg at han går inn for å bryta ned sjølvtilliten hennar slik at ho ikkje ein gong vågar tenka på å rømma sin veg, men blir gåande som slaven hans til han slår henne i hel. Men sjølv om han nyttar kvart høve til å gi henne ein på trynet, kjem han ikkje unna at han er hjelpelaus som ein reivunge.

Før Arne Garborg gifta seg, fekk han maten sin kokt og kleda sine stelte av underbetalte tenestejenter, slik skikken var i Kristiania. Ein mann kunne vera så fattig at han gjekk i filler, utan at det fall han inn at han sjølv skulle legga desse fillene i vaskestampen og henga dei opp til tørk. Likevel viser dei bøkene han skreiv i denne perioden at han visste kva kvinnene heldt på med og kva tankar dei gjorde seg om det. Særleg Mannfolk er ein klarsynt studie av korleis både kvinner og menn er fanga i ideen om seg sjølve.

Mens diktaren budde aleine i hytta på Kolbotn i Østerdalen, prøvde han oppriktig å erobra det spennande livsområdet som reinhald og matlaging er når det får sin rettmessige plass i kampen for tilværet. Dette finst der lite forståing for i europeisk filosofi, men den asiatiske tradisjonen har mange døme på korleis vegen til innsikt går gjennom stell av kroppen. I Kolbotnbrev finst ei livsforståing som kan minna om handbøker i zen, til dømmes i den vesle passasjen om havregraut. Det er rett før han erkjenner at kropp og ånd er eitt.

Men då Hulda flytta inn, var begge to innstilte på at det var ho som skulle laga maten. Og då barnet kom, oppsto der eit skrikande behov for ei underbetalt tenestejente. Etter atten nitti er Arne Garborgs skrifter fulle av syt over at dei unge kvinnene let seg hefta av egoistiske karriereomsyn i staden for å sjå det som eit kall å stella hus for ein stor diktar.

Samtidig blir likestillingsaspektet borte. I Læraren forklarer Paulus Hove den unge Gudleik at “kvinna er jordi. Jordtyngdi. Mannen kann vera sterk og han kann vilja høgt; men strakst legg det seg tvo mjuke armar um halsen hans. Han trur det er englearmar; men me andre ser ei moldtung rot som dreg ned og ned og fester han åt jordi.”

Fram mot hundreårsskiftet minkar det av både med den politiske radikalismen og den fine ironien som er så typisk for den første delen av forfattarskapen. I staden aukar det på med nasjonsbygging og leiting etter røter. Det kvinnelege subjektet fell ut or språket. Tekstane tek til å nærma seg den einkjønna idéverda hos Hesiod. Der er side opp og side ned om sterke søner som skal føra fedrearven vidare, og ei fortvilt leiting etter ein bortkomen gud. Men det er lettare å dyrka korn på steingrunn enn å pina ei høgare meining ut or tomme ord.

Ola Jonsmoen kan ha rett i at Hulda må ta sin del av ansvaret for dette sørgjelege tapet av innsikt og energi. Ho var så oppglødd over å ha blitt gift med den mannen ho sette høgast av alle, at ho overgjekk seg sjølv for å gjera livet behageleg for han. Det arbeidsrommet ho gav han i huset på Labråten, i beste meining, med gammalrosa vegger og dempa lys, var nok innreidd slik for å ta omsyn til dei sjuklege auga hans og gi han fred til å konsentrera seg. Men i denne livmorsfarga bakevja måtte ein mann bli like kraftlaus og tungsindig som Odyssevs hos Kalypso i dette homeriske storverket som Arne Garborg omsette til eit språk så gammalmannsleg og pedantisk at det er eit under at den arkaiske vitaliteten endå vinn gjennom.

På grensa mellom aktiv manndom og passiv alderdom skreiv han likevel nokre av sine finaste bøker. Ei av dei er Trætte Mænd, som kom ut i 1891, men likevel gir lesaren ei kjensle av at verda har stått stille. Side om side med utviklingsoptimisme og undergangsvisjonar finst vâre skildringar av korleis menneska verkar inn på einannan. Alt saman er observert gjennom eit mannstemperament så livstrøytt og ulykkeleg, og likevel så sjølvtilfreds og pompøst at ein må reint undrast på om det bare er tomprat, dette som dei lærde seier om at tidene forandrar seg.

Hovudpersonen heiter Gabriel Gram. Han er ein lett falma ungkar som arbeider som kontorist i eit departement i Kristiania. Han har lite framdrift, men mange tankar, og eit vinnande vesen trass i aukande indre kulde. På mange måtar er han førre hundreårsskiftes svar på hovudpersonen i David Finchers Fight Club, denne livsredde trettiåringen som prøver å demma opp for den generelle meiningsløysa gjennom å fylla husværet sitt med møblar frå IKEA.

Det at hovudstaden - då som nå - flyt over av kvinner, stimulerer ein antimaskulin tendens til å la damene stå for beilinga mens han sjølv lener seg tilbake og granskar dei med kritisk blikk. Den største skrekken for Gabriel Gram er at han skal bli blanda inn i noko estetisk ukorrekt.

I fritida spaserer han med Fanny Holmsen, ei jente i tjueårsalderen som han på sitt atterhaldne og overreflekterte vis er forelska i. Fanny er vakker og truskyldig, men ho har dårleg råd og oppfører seg ikkje alltid så elegant som han synest ho burde. Det verste er at han aldri kan bli heilt sikker på at ho verkeleg er jomfru. Etter å ha tenkt nøye for og imot kjem Gabriel Gram fram til at det er best å slå opp.
Det han ikkje hadde rekna med, er at han skulle bli så uroleg til sinns, så overvelda av sakn og kjærleikssorg. Han tykkjer han ser henne på kvart gatehjørne, og drøymer at ho skal vera i husværet hans når han kjem heim:

“Naar jeg gaar ud haaber jeg at træffe Freden i Skikkelse af en ung, fuldbarmet Kvinde, der lægger sine hvide Arme om min Hals og tilhvisker mig Kjærlighedens uendelige Forstaaelse. Naar jeg kommer hjem, haaber jeg hun sidder derinde og venter mig, stille og skjøn, med dragende Vemod i de dunkle Øine.”

Gabriel Gram er ingen helt, ingen Odyssevs som kjem heim etter tunge strabasar i krigen og på sjøen, imponerer dei hundre beilarane som har kringsett kona hans ved å skyta ei pil gjennom tolv økseauge før han slår dei i hel alle mann, for endå å venta tålmodig til husfrua kjenner han att og ber han koma inn. Gabriel Gram er ei pakke med behov. Kva interesse ei ung kvinne med normal sjølvopphaldingsdrift skulle ha av å velja han til far for avkommet sitt, er eit spørsmål som aldri blir brakt på bane. Poenget med kjønnsakta er å trøysta mannen, ikkje å gi liv til nye slekter. Erotikken har mista forplantingsaspektet og blitt redusert til terapi.

Få stader er kulturen så på kollisjonskurs med naturen som når det gjeld kven som skal få para seg med kven, og til kva tid. Dei fleste menneskekulturar har det til eit grunnprinsipp at dersom dei unge jentene lever ut den biologiske kjønnsdrifta si, skal dei ikkje bli gifte. Med andre ord, dersom dei oppfører seg naturleg, blir dei nekta å føra arveanlegga sine vidare. Denne bakvendte verdsordninga innrettar jentene seg etter med eit kledeleg smil. Skulle dei vera så uheldige og gjera eit feilskjer, tek dei straffa utan å kny.

Den tid Arne Garborg skreiv Trætte Mænd, var der mange gravide jenter som fødde i dulsmål. Etter å ha næra fosteret med sitt eige blod i ni månader, gav dei avkall på retten til forplanting gjennom å slå det i hel. Bleike og elendige vendte dei tilbake til den menneskelege fellesskapen, tyngde av skuld, og likevel takksame for at ingen spurde om kva som hadde skjedd.
Men dei urgamle forteljingane som ein mellom anna kan lesa hos Homer, om prinsesser som elska med gudar og fødde herlege søner og døtrer, vitnar om at ein gong har menneska tenkt annleis.
Gabriel Gram prøver å døyva kjærleikssorga ved å gå til doktor Kvaale og be om nervemedisin. Men doktor Kvaale har ei anna oppskrift på korleis tilværet skal forbetrast. Den einaste løysninga, seier han, er å gjeninnføra matriarkatet:

“I Gynaikokratiets Tider var Mændene Helte, kjæmpede og døde som Karer for denne mystisk-hellige ... Elskerinde-Moder; men hvad er Manden nu, da han har trukket Kvinden ned ved Siden af sig og gjort hende til Madam Persen i Skippergaden?”

Det ville vera ei overdriving å påstå at dette er verkets norm, at doktor Kvaale så å seia er diktarens talerøyr. Så vidt eg kjenner til, står der ikkje noko liknande i heile Arne Garborgs samla verk. I den grad han er for kvinnefrigjering, er han det på humanitært grunnlag, som eit ledd i kampen mot konservativ statsmakt og stivbeint kristendom, og dei kvinnene han fortel om, er slett ikkje dronningar og gudinner, men fattige, utnytta, såre og gråtande.Verken Daniel Braut, Enok Haave eller broder Paulus blir stilt i utsikt at alt kjem til å ordna seg dersom dei finn seg ei Penelope å kjempa om godkjenning frå.

På den andre sida var Arne Garborg ein omsverma ungkar i si tid, og der var mange andre han kunne fått enn den guddomleg handlekraftige Hulda. Likevel gifta han seg med henne og blei trufast hos henne i gode og vonde dagar.

Kan henda lengta han slett ikkje etter meir trøyst og komfort. Han tok bare det han fekk gratis givande, slik ein kan bli hekta på hasj og heroin. Men han ville nok blitt meir heime i mannfolkkroppen sin om han hadde måtta spenna den store bogen, og kjempa mot beilarane, og likevel ikkje fått gå til sengs før ho hadde gitt si endelege godkjenning.




Solveig Aareskjold er forfatter bosatt i Sandnes. Hennes siste bok var romanen
Englefangst.

Mellom Trætte Mænd og Odyssevskvædet
Av Solveig Aareskjold