Brevskrivaren Garborg
Av Ine Westlye Fintland


”Det var dessuden så morsomt at høre fra Dig Garborg. Dit brev var jo, som Du selv siger, ikke noget prakteksemplar af et brev, men hvær sætning sa tusen ganger mere end ordene, og så var der en stemning i det. Ja, du er en fandens fyr.”, skriv Amalie Skram. Denne karakteristikken er i det heile ganske dekkjande for Garborgs brev. Dei er underhaldande samstundes som både utforminga, sjølve skrivemåten og det han skriv om, stiller krav til lesaren – så vel den gongen som i dag. I ein del av breva finn ein både blekkflekkar, overstrykingar og delvis uleselege kommentarar i margen. Garborg var ingen utprega kalligraf, så dei estetiske kvalitetane i breva ligg nok helst på eit indre plan.

Breva til Garborg har ikkje blitt gjenstand for like mykje interesse som andre delar av forfattarskapen hans. Det er i særleg grad dei private som har blitt oversedde. Dei har hamna på feil side av den litterære demarkasjonslina – den som skil mellom kunst og ikkje-kunst – og har såleis ikkje blitt sedde på som litteratur og følgjeleg heller ikkje blitt vurderte ut frå litterære kriterium. Dei har hamna i ei litterær gråsone, i eit ingenmannsland. Prosjektet mitt er å bryta ned denne grensa. I hovudoppgåva mi ynskjer eg å syna at også private brev – uavhengig av innhald, form og funksjon – er skjønnlitteratur, og at den samla litterære produksjonen til Garborg ville vore mangelfull om denne sjangeren blei oversedd – det gjeld både dei fiktive (t.d Knudaheibrev, 1904) og dei faktiske (slike som verkeleg blei sende til adressaten).

I brevarkiv både i Noreg og i utlandet ligg det lagra om lag 1400 originale brev av Garborg. Vel 180 av desse har Garborg skrive til seks kvinnelege kunstnarkollegaer; Bolette C. Pavels Larsen, Laura Mohr Hansson, Victoria Benedictsson, Kitty Kielland, Amalie Skram og Hulda Bergersen/Garborg. Korrespondansen med dei tre fyrste er av relativt formell karakter. Det er diskusjonar mellom litterært interesserte. Utvekslinga er oftast sakleg og vurderande, knytta til Garborg sine eigne tekstar. Til Kitty Kielland, Amalie Skram og Hulda Garborg slår han an ein heilt annan språktone. Han har eit nærare forhold til dei og kjem difor inn på meir personlege emne i desse brevskifta.

Dei fleste breva er skrivne i tidsrommet 1883-1903. I denne perioden i den europeiske historia blei kunsten for alvor skild ut som ein eigen, relativt autonom sfære. Kunstnarane var ikkje lenger avhengige av mesenar, rikfolk som støtta dei med pengegåver og dermed la visse ideologiske band på dei. Kunstprodukta har fått varekarakter, og kunstnarane har blitt ”sjølvstendig næringsdrivande”. Dette avgrenser den nyvunne fridomen. Diktarane er no avhengige av publikum for å selja. Det har altså skjedd ei moralsk, politisk og estetisk endring med omsyn til kunsten og kunstnaren sin funksjon.

I breva til dei kvinnelege kunstnarkollegaene sine diskuterer Garborg relativt fritt mellom anna litteratur, politikk, ”Sædelighed” og kvinnesak, sjølv om dette ikkje var vanleg i 1880-åra. Kvinner vart då oftast haldne utanfor intellektuelle debattar. Folk flest i Kristiania kunne ikkje ”begribe hvad et Mandfolk og et Kvindfolk kan ha at snakke om, naar det ikke er om Giftermaal.”, skreiv Garborg i brev til Kitty Kielland. Ei slik utestenging samsvarer korkje med Garborgs kvinnesyn eller det litterære prosjektet hans. Eit av Garborgs mål er å skildra kvinner truverdig, slik at kvinnelege lesarar kan identifisera seg med dei. For ein mannleg forfattar kan dette vera vanskeleg, i følgje den engelske filosofen J. S. Mill umogleg: ”(…) I deny that anyone knows, or can know, the nature of the two sexes, as long as they have only been seen in their present relation to one another.” (”On the Subjection of Women”, 1869)
Ved hjelp av brevvekslinga med kvinner kan Garborg skaffa seg informasjon og dokumentasjon som kan koma til nytte i utforminga av dei kvinnene han vil skildra. Samstundes får han også høve til å realisera naturalismens krav om sanning i litteraturen.

Dette sanningskravet diskuterer Garborg direkte eller indirekte med alle dei seks kvinnene. Hovudproblemstillinga er: Vil det vera mogleg for ein mann å skildra ei kvinne truverdig og vice versa? Garborg prøver på det i ”Mannfolk” (1886), men vil sikra seg ”imod at komme til at skrive Dumheder” og tek difor kontakt pr. brev med både Hulda Bergersen og Amalie Skram. Til fyrstnemnde skriv han: ”Gjør mig en stor Tjeneste. Forklar mig i Detaljer, hvorledes en Dame bærer sig ad, naar hun vil gaa Kontorveien.” Spørsmålet han stiller til Amalie Skram er: ”...tror Du, at Damer (...) i Almindelighed er mere eller mindre sanselige end Mændene? Eller er der nogle som er i Flertal?”. I svarbrevet skriv Amalie Skram at ho har snakka med mange kvinner om emnet, og at ho difor har granska og grubla mykje over det. Ho hevdar at der i hovudsak eksisterer to kvinnetypar: ”Den ene sort – den lykkeligste er de stærkt sanselige,” som ”har glæde af den kjønslige omgang straks, og med alle.” Kvinnene i den andre gruppa, og det er dei fleste, er fullstendig blotta for slike drifter. Desse ”ligger i ægtesængen hele livet gjennem uden nogensinde at ane hvad glæde af, samlejet vil sige.” Sjølv om synet hennar berre er eit ”praktisk lægmandsskjøn”, er det likevel ”et slags syn som jeg vilde gå i døden på er rigtigt.” Å diskutera dette ope med ein mann er tabu, men Amalie Skram legitimerer diskusjonen ved å sjå på det som lekk i eit litterært prosjekt – ”et forretningsanliggende”.

Garborg er så nøgd med svaret hennar at han på førehand tildeler ho halve æra om prosjektet kjem til å lukkast. Halvanna år seinare blir ”Mannfolk” publisert, og Amalie Skram er imponert over skildringa av to av kvinnene:”Julie Lindtner og Helene! Hvor er de brilliante. Hvor kan Du dog kjende denne unge piges inderste tanker sådan til punkt og prikke, både mens hun vokser til og senere. Og nu Helene – den måde det går til mellem hende og Lauritz – ja, noget så mesterligt ægte.” Men han får skarp kritikk for skildringa av Nina Bøckmann i same verket. Dette rammar så hardt at han ser seg tvungen til å konkludera med: ”Jeg tror i det hele ikke, at Mænd som Regel bør indlade sig paa at skildre Kvinder, ligesom omvendt Kvinder nødig bør lægge sin Kraft paa at skildre Mænd”. Men Amalie Skram har eigentleg i si skildring av ”Knuts Forelskelse” (”Knut Tandberg”, Tilskueren 1886) vist at det går an å skildra det motsette kjønn truverdig. Har ho klart det, så kan ikkje han vera dårlegare. Han let seg utfordra og inspirera til å freista å skriva ein kvinneroman.

Vegen fram til ”Hjå ho Mor” (1890) er lang. Ni månader etter diskusjonen med Amalie Skram diskuterer han vanskane i dette prosjektet med Victoria Benedictsson. Ho har også lese ”Mannfolk” og blitt så gripen av personskildringane hans i denne romanen at ho tek kontakt pr brev og sender han den siste romanen sin; ”Fru Marianne”. Garborg tykkjer at ho har lukkast svært godt i framstillinga av hovudpersonen, Marianne, for han ”lærte hende virkelig at kjende, og gjennem hende hendes Kjøn;...”. Men han peiker mellom anna på at det manglar noko i framstillinga hennar av mennene - ”de to Mandspersoner interesserer mig hellerikke noget særdeles”. Ho har ikkje slik som Amalie Skram delvis klarte, overbevist han om at det er mogleg å skapa eit sant bilete av det motsette kjønn. Han kjem attende til standpunktet han presenterte for Amalie Skram. ”Jeg er for længe siden paa det rene med, at ligesom I Kvinder ikke duer til at skildre Mænd, saaledes duer (kanske i Virkeligheden enda mindre) vi Mænd ikke til at skildre Kvinder; skal Kvinden endelig engang komme frem i Literaturen, saaledes at hun baade faar Rede paa sig selv, og saaledes, at vi Mandfolk kan lære at forstaa hende (hvilket vi aldeles ikke gjør!), - saa maa Kvinder skildre hende, men skildre hende aldeles oprigtigt, forklare hende rent naturhistorisk – ikke forsvare hende, ikke anklage hende, og fremfor alt: ikke dølge noget bort -; først naar vi faar en saadan Kvindeliteratur, kan der bli Tale om en virkelig Forstaaelse mellem Kjønnene, hvilket igjen er Betingelsen for et helt ud sædeligt og menneskeligt Forhold mellem dem.” (...)”Kvinden er jo til den Dag i Dag ligesaa uopdaget som Afrika.-”

Garborg gjev trass i denne erkjenninga ikkje opp kvinneromanprosjektet sitt. Samlivet med Hulda og brevvekslinga gjev han truleg mot til å halda fram, og i 1890 kjem ”Hjå ho Mor” ut. Allereie i tittelen signaliserer han at kvinna ikkje lenger er han ukjend, fjern og ”uopdaget som Afrika”, ho er no blitt til ”Mor” – det kjende, nære og trygge i livet. Til Kitty Kielland skriv han: ”Ja nu har jeg slidt mig omtrent ihjel paa denne ulykkelige Bog, (...), men er nu endelig over det.” Han har realisert det han tidlegare har sett på som umogleg, og får ros av dei kvinnelege kollegaene. Spesielt imponert er Bolette C. Pavels Larsen.” - At De kjendte Mandfolk, det var nu endda ikke saa rart, men at De kjender Kvinderne slig!”. Eit visst atterhald tek ho likevel, ho let ikkje Garborg få all æra åleine. ”Men – aldrig havde De kunnet skrive den hvis De ikke havde været gift! Det tror jeg.” Og i svarbrevet må han medgje at det er samlivet med Hulda som har gjort romanen mogleg. ”Forsaavidt har Kjærringa altsaa Æren for det hele. Meget af Stoffet har jeg ogsaa faaet af hende – især fra Barndomstiden. Endvidere har hun her og der hjulpet mig med at stryge – Bogen er altsaa næsten heltigjennem et Produkt af Samarbeide; dette giver den dens Værd som Dokument.” Garborg er særs glad for den positive responsen frå Bolette C. Pavels Larsen, for ”saa snart der er et Menneske (og det en Kvinde), der har forstaaet den, saa kan den altsaa forstaaes, og da er der Mulighed for, at den kan komme til at virke ”i Længden”. Kvinneskildringa hans er ikkje mislukka.

I breva framstiller Garborg det slik at han treng hjelp frå kvinner for å skapa sann dikting, og dette kan godt samsvara med dei faktiske forholda. Men vi skal vera merksame på at brev som alle andre tekstar byggjer på eit konstruksjonsprinsipp. Ulike omsyn kan spela inn når Garborg vel å stå fram som den spørjande, den som treng hjelp.– ”Garborg” i teksten er ikkje nødvendigvis lik Garborg i røynda. ”Det finst fiksjon av eit eller anna slag i alle slag tekst. Same om noko er faktisk og sant, det blir oppdikta når det kjem på trykk.”, skriv Einar Økland. Skriveprosessen omskapar det faktiske og sanne til fiksjon. Difor er den reelle, historiske Garborg berre tilsynelatande identisk med den virtuelle som narrasjonen skapar. I breva møter vi Garborg i eit vidt spekter av roller. Det er ikkje alltid dei same sidene han legg vekt på i framstillinga av seg sjølv. Han opptrer mellom anna som; bekymra ektemann, far, nær ven, forretningsmann, litteraturkritikar, rådgjevar, forfattar, hypokonder, strå-enkemann etc. Avslutningshelsingane viser nokre av desse: ”Forrangleren”; ”Din meget ensomme Mand”, ”Din hengive Arne Garborg”, ”Din G.” Og ”Din Aadne”.

Den rolla Garborg tildeler seg sjølv i teksten, signaliserer til mottakaren kva for ei rolle han eller ho bør innta i svarbrevet. I eit brevbyte er det difor ikkje berre interessant å sjå korleis sendaren framstiller seg sjølv, men også korleis han framstiller mottakaren i teksten. Kva sinnsstemning førestiller han seg at denne er i når han får brevet? Klarer lesaren å innta den rolla, den sinnsstemninga, skrivaren på førehand har tildelt han i teksten? Sendaren har visse tankar om korleis mottakaren er, men desse treng ikkje stemma overeins med slik han i røynda er. Brevet inneheld med andre ord ein fiksjonalisert mottakar. Rollene kan veksla mellom dei to partane i eit brevskifte, og for å sjå korleis desse kan endra seg, og i kva grad dei to går inn i dei rollene den andre forventar, er det difor naudsynt å studera brevvekslinga i samanheng. Står Garborg fram som hjelpelaus i brevet, vil han truleg appellera til morskjensla hjå til dømes Hulda. Får han då svar tilbake med ”Kjære Gutten min”, har mottakaren akseptert og innteke den forventa rolla. Garborg var ein medviten språkbrukar, men det er likevel ikkje sikkert at dei rollene han tildeler seg sjølv og andre i teksten er tilsikta og medvitne. Språket uttrykkjer tankar og kjensler, men vil likevel gå sine eigne vegar og ikkje alltid slavisk følgja intensjonen til skrivaren.

I historisk samanheng har privatbrevet gjerne blitt sett på som ”spegel for sjela” eller ”samtale med ein fråverande venn”. Dei som har arbeidd med breva, har lagt vekt på skriftemåls- eller vitnemålsfunksjonen dei kan ha. I mange tilfelle har breva difor vorte nytta som sanningsprov i biografiar og litteraturhistorie. Dei har blitt vurderte som dokument der forfattaren ved introspeksjon avslører sitt ”sanne eg”. Men ”spegelen for sjela” er lumsk. Like lite handgripeleg som sjela er, like lite påliteleg kan bilete spegelen gir av ho vera.

Det at brev berre vert lesne som dokument og fakta hindrar innsikt i breva som tekst og fiksjon. Dei aller fleste brevforskarane har ikkje problematisert forholdet mellom den reelle og den fiktive sendaren. I staden har dei sett likskapsteikn mellom to storleikar som berre tilsynelatande er identiske. Breva må vurderast ut frå korleis dei skildrar røynda, ikkje som om dei er verkelegheita. Mottakarane av breva som kjende Garborg, kunne truleg vega Garborg i brevet opp mot den verkelege og korrigera biletet dersom det var naudsynt. Dei som les breva i dag, har ikkje lenger den reelle Garborg som korrektiv til den virtuelle. Det er difor viktig at vi er klar over at breva er kunst, og at kunsten ikkje gjev oss sanninga om kunstnaren.





Ine Westlye Fintland er hovudfagsstudent ved Universitetet i Bergen