"Du skulde tenkja på at du er gamall, Salomon. Brudgomen kann koma fyrr du varast."
"Kva for ein brudgom?"
"Han, som gjerne vilde vera din sjæls brudgom, Salomon."
Salomon sputta. "Det seier eg deg, at vil du snakka med meg, so fær du snakka som folk og ikkje som ein haugianar."
"Eg meiner det kann kje vera so lengje fyrr du skal døy!"
"Det meiner eg òg. Ventar du arv etter meg kanskje?"
"Du skulde sjå å få fred med Gud, fyrr du døyr!"
"Det hev eg, mykje betre enn du. Han kann koma når han vil; han skal kje finna meg i noko som eg ikkje kann forsvara."
"Du må kje snakka slik. Alle våre gjerningar er som et besmittet klædebon . . ."
"Nei gu um dei det er," svara Salomon; "eg held mine gjerningar gjæve, eg; og um Vårherre er streng, so er han då kje nokon skrivar heller. Var det meir?"
"Gud er ein fortærande eld !"
Gud er som du vil ha han, farr. Vil du plent ha deg slik ein skarprettar, so kann det henda han vert deg deretter! (91f) |
|