Daa me kom glidande heimatt gjenom Sunde nordanum Holmen, glada Soli. Der ute i Vest, yvi dei sylvblaae Rundane, kveikte ho ein Allheimsbrand. Lengst nede eit Lag med skinande Grønt som eit glimande Metalskjold; yvi det grøne, og ikring det, Lag yvi Lag med straalande raudt, fraa blodmyrk Purpureld lengst nede gjenom linnare og linnare Gliming upp-etter, til dess heile det forunderlege Farge-Eventyr toppa seg av og folna burt i skjelvande fine Lilla-Litir og Violett-Skimmer; rundt om alt dette ei tett Rand av myrk, jønnblaa Himil. Me gjekk og stirde paa Syne og kunde mest ikkje tru paa det. Den som var Maalar! segjer ho Hulda. Ingin kann maale slikt, meiner eg. Nei; og um ein kunde, vilde ingin tru det. Dei vilde segja det var usant. Dei vilde segja det var Galskap. Slikt hev ingin sét paa denne Jord, vilde dei segja. Og det er sant. Stakkars Folk, som gjeng der nede i berre Graatt og aldri fær sjaa slikt. Nei, men hev du sét - ? Kva skal ein likne det med? Kva skal ein kalle det? Me skal halde vaar Munn, segjer eg. Dersom Shakespeare sat her i Aar etter Aar og saag paa det og vreid Heilen sin som ei vaat Fille til aa finne Samanlikningar og Ord
han vilde til Slutt kaste Pennen og gaa heim og drikke seg full Og endaa er det som det minte meg um noko
noko som eg hev sét eller tenkt meg
Kanskje minner det oss um den Verdi der me ynskjer aa høyre heime. Eg maa tenkje paa noko eg drøymde ihop daa eg var litin. Gud Faders Høgaltar i Himilrike tenkte eg meg soleis paa Lag. (Garborg 1890, 72-3)
|
|