SAUDA! STREIK!
Tekst og foto: Geir Egil Bergjord ©2001
Klikk på bildene for større visning!

På turne for Riksutstillingar ankom eg Sauda seint ein søndag kveld i Mars 2001. På Kløver hotel der eg hadde booka rom så vart eg møtt med ein heis ustand, eit hotellrom utan lys i taket, ei merkeleg søt lukt forårska av ei stor rosa tyggegummiklyse i sofaen, uidentifiserbare kvite flekkar på toalettsetet og eit så overfylt og udelikat frokostbord at eg ville brekka meg morgonen etter. Frå vindauga på rommet mitt hadde eg perfekt utsikt til pipene og flammane til Sauda Smelteverk; Fabrikken som låg rett over elva og er sjølve grunnen til at det bur folk i dette halvurbaniserte samfunnet inderst i ein fjordarm.

Inspirert av temaet (iscenesatt fotografi) til utstillinga «See You : See Me», som eg turnerte med, fyllt av sub-standarden på hotellet, den usensuerte pornoen på TV1000, det faktumet at eg matte vera der ei veke og åndene til tusenvis av daude fagarbeidarar så gjekk eg til innkjøp av Tou bryggeri si nylig lanserte 1.25 l pilsflaske og medan Bjørn Eidsvåg si stemme mol bak i hovudet mitt; «Det er her me vil bu. Det er her med hørre te», så sette eg kameraet mitt på stativet…




The Sauda Experience
Click on the the pics for enlargment

Working for the Norwegian National Touring Exhibitions I arrived Sauda late one Sunday night in March 2001. At Klöver Hotel where I had booked a room I met a broken lift, no light bulb in the ceiling of my room, a strange sweet smell caused by a big pink bubblegum stuck in my sofa, some unidentified white spots on the toilet seat and a breakfast table so messy that it almost made me throw up the next morning. From the window of my room I had a perfect view of the pipes (chimneys?) and torches of Sauda Smelteverk; The big factory situated right across the river and the reason people live in this smalltown at the head of a fjord.

Inspired by the theme (staged photography) of «See You : See Me», the exhibition I was touring, and fuelled by the substandards at the hotel, the uncensored porn on the TV, the fact that I had to stay there a week and the ghosts of a thousand dead union workers, I went to buy one of the local brewery’s (Tou) recently launched 1,25 l plastic bottles of beer and put my cam on the tripod…