Clever London Houses?
Anakonda – Kvar er dei nå?
Av Geir Egil Bergjord


Den første bølgja av punk slo for alvor innover Noreg i 1979/1980 og resulterte i ein heil generasjon punkband, samt ei knippe singelutgjevingar rundt om i landet. I Stavangerdistriktet var det bare eit av desse førstegenerasjonbanda som klarte å manifestera seg på eit svart stykke vinyl. Det var Anakonda i frå Bryne. Dei gav ut den sjølvfinansierte singelen «Clever London Houses»/«Leie a’ gymnaset» i 1980. Når ein høyrer på A sida «Clever London Houses» så står den seg overraskande bra i dag 22 år etter. Soundet er røfft og minner om tidleg Clash, samtidig som at både melodi og den rette energien frå den tida er tilstades. Men kva var det så som hendte på Bryne i 1980, og kvar er Anakonda nå?


Eg sporar først opp vokalist/gitarist Brigt Bjerga og trommeslagar Bjarne Håland, og avtalar å treffa dei ein kveld på Sandnes brannstasjon.


Brigt Bjerga: vokal og gitar
Var 18 år i 1980 då singelen kom ut • Er no gift og har to barn • Bur på Randaberg og arbeidar som leiar for teknisk avdeling ved ABB på Bryne • Har ikkje vore involvert i fleire seriøse bandprosjekt sidan Anakonda braut opp hausten 1981.

Bjarne Håland: trommer
Var 19 år i 1980 • Er i dag sambuar og har fire barn • Bur i Klepp og arbeidar som brannformann i Sandnes • Spela trommer i nokre danseband på Jæren etter Anakonda.


GEB: Etter kva eg forstår så var det de to som starta Anakonda. Kva tid var det?

Brigt Bjerga: Eg flytta frå Halsnøy i Ryfylke til Bryne for å gå på Gymnaset i 1978. Bjarne gjekk eit trinn over meg. Me kom i snakk på ein fest ein kveld ut i haustsemesteret.

Bjarne Håland: Begge var interesserte i musikk. Brigt hadde gitar og forsterkar. Eg hadde trommesett og bomberom.

BB: Det var vanskeleg å få tak i bassist. Ein dag dukka Erik Mellesdal (nå Hauge) opp i øvingslokalet vårt på Klepp. Han spelar bass på singelen, men slutta ikkje så lenge etter innspelinga. Då byrja eg å spela bass medan Jogrim Erland tok over på gitar. Seinare kom Svein Fossum inn på keyboard. Det var med denne line-upen med vann Rogalandsfinalen i NM i rock i 1981, året etter singelen kom ut.

GEB: Rune Haaland (stiftar av Bellona) står som bookingansvarlig på plateomslaget. Korleis kom de i kontakt med han?

BB: Hmm, eg kjende han vel frå miljøet rundt Jæren Natur & Ungdom. Han gjekk over oss på gymnaset og fungerte etter kvart som manager for oss. Han hadde mange kontaktar. Det var hans ide å gje ut singlen. Me vart sjølvsagt i fyr og flamme. PLATE – HUH!

BH: Rune var veldig entusiastisk, ordna spelejobbar for oss. Me hadde vel 20-30 konsertar i den perioden me var mest aktive. Me varma blant anna opp for Oslo Beurs fleire gonger.

GEB: Kva hugsar de frå plateinnspelinga?

BB: Me visste ikkje så mykje på førehand, bare at me skulle spela inn plate i Stavanger. Studioet var på DH (Rogaland Distrikthøgskule nå Høgskulesenteret på Ullandhaug). Me hadde lånt ekstra utstyr og var inne kvelden før og gøymde det slik at det stod klar då me reiste inn att kvelden etter.

BH: Me måtte koma seint om kvelden, etter alle andre hadde gått. Me hadde jo ikkje lov til vera der, men Rune kjende ein som hadde nøkkel til studioet.

BB: Så haldt me på heile natta og hadde bare nokre detaljar att då me vart tekne på fersken av vaktmesteren om morgonen.

BH: Ja, han vart fly forbanna då han oppdaga oss og truga med å ringa politiet.





Erik Hauge (tidl. Mellesdal): bass
Var 16 under innspelinga • Har stort sett budd i ein seilbåt dei siste åra, men er i skrivande stund landfast i Bergen der han er arbeidsledig og aktiv i Nordnes Sjakklubb • Spela etter Anakonda gitar i fleire punkband i Stavanger, blandt anna Oppslutning • Mot slutten av åttitalet var han gitarist i psychobilly-bandet Flintstones.


GEB: Korleis kom du i kontakt med Anakonda?

Erik Hauge: Rune Haaland er fetteren min. Eg var med han i øvingslokalet til Anakonda på Klepp ein dag. Dei snakka om at dei mangla bassist. «Kan ikkje eg spela bass då?» spurde eg, trass i at eg aldri hadde spela bass før.

GEB: Kva hugsar du frå studio opptaket?

EH: Innspelinga på DH var snodige greier. Me var der midt på natta og måtte finna ut av alt det tekniske ustyret på eiga hand. Det var allerede langt på natt før at me fann ut korleis miksepulten virka. Hugsar godt kor fly forbanna vaktmesteren vart då han ferska oss i studioet tidleg om morgonen. Truga med å anmelda oss for innbrot.

GEB: Du slutta ikkje så lenge etter?

EH: Ja, eg budde i Kvernevika på den tida og vart lei av den lange og tungvinte veien til øvingslokalet på Klepp, så eg slutta. Eg var forresten tilstades i Atlantic Hall då Anakonda vann NM i rock sin Rogalandsfinale i 1981. Eg var der som representant for Stavanger Rockeklubb. Me protesterte mot arrangementet og delte ut løpesedlar der det stod «Rock er ikke en idrettsgren».





Jogrim Erland: gitar?
Var nett fyllt 15 då singelen vart spela inn • Bur i dag i Zürich • Har studert filmvitskap i Zûrich og har hovedfag i musikk frå NTNU • Arbeider for tida som bartender • Sidan midten av åttitalet har han ikkje stått på ein scene før han nå i vår spela saman med Xeno Volcano på okkuperte Cabaret Voltaire i Zürich.


GEB: Korleis vart du med i Anakonda?

Jogrim Erland: Eg arbeidde på Shell stasjonen på Bryne då eg gjekk i åttande klasse. Ein kveld kom Rune Haaland innom for å legga om til sommardekk på ein grå Ford Cortina. Han var nokre år eldre enn meg, men eg kjende han frå Bryne frimerkeklubb. Rune prata i veg og spurde om eg spela noko instrument. Eg svara at eg nett hadde byrja å spela el-gitar. Rune fortalde at han var manager for eit punk band, at dei skulle spela inn plate, reisa på turné og spurde vidare om eg ville vera med i bandet. Eg svara ja og vart svært oppglødd, sjølv om eg på det tidspunktet ikkje eingong hadde høyrt noko punk rock.

GEB: Den grå Cortinaen høyrest kjend ut, kan du fortella noko meir om den?

JE: Tom Robinson Band, som var populære på den tida, hadde ein låt der dei song ”…I wish I had a grey Cortina”. Rune Haaland hadde ein grå Cortina. I den hadde han óg ein brun kassettkoffert full av kassettar. Me køyrde ofte rundt på Jæren i den og høyrde på Sham 69, The Stranglers og sjølvsagt ” Grey Cortina” med TRB.

GEB: Var du med på singelinnspelinga?

JE: Eg var med i studio men eg spelar ikkje på plata. Eg var jo fersk i bandet og var med for å høyra på og læra sangane. Eg hugsar at eg stemde gitarane for Brigt og Erik. Dei var liksom ikkje så nøye å slikt.

GEB: Hugsar du korleis det heile slutta?

JE: Me hadde vunne Rogalands finalen i NM i rock våren 1981. Me hadde håpa på ei god plassering der, men vart likevel svært overaska då me vann. Alt skar seg imidlertid under landsfinalen i Trondheim hausten etter. Eit metal band frå Trondheim var tydeleg favorittar og me fekk ingen soundcheck før me gjekk å scenen. Eg spela for første gong på ein dobbel Marshall forsterkar (Red anm.: Marshall var til langt ut på åttitalet forbeholdt Heavy Metal klanen). Keyboardet var heilt utan lyd og eg høyrde ikkje stort til dei andre heller, berre denne Marshallen som eg ikkje fekk styr på. Det høyrdest neppe særleg bra ut for publikum ute i salen. I konkuransen så skulle berre dei tre beste rangerast, men juryen tok seg i tillegg bryet med å tildela oss ein sisteplass. Me hadde krangla ein del på veg opp til Trondheim. Me krangla enda meir på veg heim, og spela aldri saman att.





Rune Haaland: Management
Var 20 år då singelen kom ut • Har arbeida 15 år i Bellona som han stifta saman med Fredrik Hauge • Bur i dag i Oslo og arbeidar som kommunikasjonsrådgjevar i Navigator Kommunikasjon • Har ei dotter på 6 år


GEB: Du blei etter kvart ein meir eller mindre sjølvutnevnt manager for Anakonda. Korleis hadde det seg at du inntok denne rolla?

Rune Haaland: Eg kjende jo Brigt frå Jæren Natur og Ungdom og vart med på ei øving etter kva eg hugsar. Så hadde eg vel nokre management idear då, he he.

GEB: Korleis kom du på at dei skulle gje ut plate?

RH: Det er vel slikt ein gjer om ein har eit band. Er det ikkje?

GEB: Eh – jo, du har vel rett i det men det var tross alt eit større økonomisk løft for 22 år sidan enn det er i dag. Det fannst jo heller ikkje noko distribusjonsapparat for såkalla uavhengige plateselskap på den tida. Å gje ut plater på eiga hand var rett og slett ikkje vanleg.

RH: Det er sant, men det var jo ein del som hjalp til. Du hadde til dømes Magne (Drangeid) og «magnebilen», ein stor folkevognbuss som var fin å frakta utstyr i, og så hadde me jo ingen studioutgifter. Me gjekk til slutt i null, sjølv om salget av plata gjekk tregt på jæren. Restopplaget av singelen vart seld og distribuert av Atle Skift i Oslo.

GEB: Anakonda figurerte hausten 1980 på Nye Takter si 10 på topp liste. Både med singelen og ein bootleg med liveopptak. Det var jo litt oppsiktsvekkande med tanke på at den såkalla bootlegen var ein kassett som berre eksisterte i nokre få eksemplar. Kva hende eigentleg?

RH: Du veit at listetriksing er eit viktig verktøy i musikkindustrien. Eg fekk venner å kjente til å skriva inn og stemma på Anakonda. Eg hugsar óg at eg køyrde frå Oslo til Stavanger den hausten. På vegen postla eg brev med stemmer på alle postkontora som eg køyrde forbi.

GEB: Var du manager for dei heilt fram til slutten?

RH: Eg hugsar eg var med då dei vann i Atlantic Hall i Stavanger, men eg flytta til Oslo det året så eg var nok ikkje med til landsfinalen i Trondheim. Det vart jo ein del usemje om musikalske og politiske retningar etter kvart.





Magne Drangeid: nøkkel til studio (kreditert som M. Drangest studios på coveret)
Var 21 då singelen kom ut • Er i dag gift og har to barn • Bur i Stavanger og har stipendiat på humanistisk avdeling/Nordisk institutt ved Høgskulen i Stavanger


GEB: Kvifor hadde du nøkkel til studioet og korleis vart du involvert i innspelinga?

Magne Drangeid: Eg kjende Rune Haaland frå Jæren Natur og Ungdom. Han såg meg nok som ein ressursperson i eigenskap av nøkkelen eg hadde til DH sitt studio. Nøkkelen hadde eg fordi eg tok eit mindre delkurs i filmkunnskap. Studioet vart brukt til smalfilmproduksjon.

GEB: Så du var på ein måte produsent og då, eller?

MD: Nei, nei, det einaste eg gjorde var å låsa opp for dei og så var eg der og høyrde på. Eg var ikkje kjend med utstyret der, så dei måtte finna ut alt sjølv. Det oppstod naturleg nok ein del tekniske problem så dei heldt på heile natta for å bli ferdige. Eg hugsar at dei spela best til å byrja med. Dei var nok ganske trøtte på slutten.

GEB: Hmm – har du seinare låst inn nokre andre band inn i noko studio?

MD: Nei.