- Eg meiner faktisk at det eksisterer, at det finst, god og dårleg kunst, uavhengig av kva den eller den måtte meine, heilt uavhengig av subjektive synsingar. At kvalitet så å seie er ein realitet. Kvaliteten er større enn livet. For å halde fram: det kvalifiserte blikkets møte med verda må bli eit sorgfullt blikk. Det har med avstanden i det å gjere. Kor vidt mitt blikk er kvalifisert, og kor vidt det er sorgfullt, det veit eg ikkje. Det er i lysframstillinga, og i lyspresisjonen, kunstens kvalitetar ligg gøymde. Dei beste kunstnerane ser så forbanna godt. Og ikkje berre det som er, men også det som er i det som er, for å seie det slik. Om eg er lyskunstnar eller mørkemann, det veit eg ikkje. Men eg veit i alle fall å verdsetje både det indre lyset i menneske, og i kunsten. Det er der kvaliteten kjem frå. Og der kjem protesten frå, opprøret, alt det der. Og at den kvalifiserte kunsten skal bli skubba bort som finkultur eller kva dei no kallar det for, bli forsøkt bortskubba som elitistisk, har eg inga forståing for. Det er mangelen på kvalitet, sans for det, og respekt for det, som trugar. Kunst og kultur, i alle fall populærkultur, er motsetnader. Eg er ikkje av dei som snakkar stygt om sosialdemokratiets velferdsordningar, enten det no er innkjøpsordningar eller studiefinansiering, eller anna. Kunst er kvalitet, ikkje kvantitet. Det ein kan lære er kanskje dette: du skal vite det du veit. Og ikkje dulle deg inn i illusjonar, verken dei som andre vil ha deg til å dulle deg inn i, eller dei du vil dulle deg inn i sjølv. Kunsten er god eller dårleg. Eg trur god kunst har lite og ingenting med fantasi å gjere, derimot er dårleg kunst utenkjeleg utan fantasi, kreativitet, påfunn, alt det der. God kunst er sansing, tenking, forming og visjon. Enten er du ein god kunstnar, eller ein dårleg. Inst inne veit du det sjølv. Og resten er for det meste styr.
|
|